Ei av korgtypene eg skal ta for meg i stipendiatperioden er kipe. Det som definerer ei kipe er at den har trebotn og spiler – som det flettes på.
Kipa har mange navn, etter form og bruksområde: høykipe, lauvkipe, møkkakipe, ryggkipe, hankakipe, handkipe og ullkipe er nokre døme. Formen på kipa er tilpassa det den skal brukes til. 
Kva materiale kipene er laga i er mangfoldig og er knytt til kva makaren hadde tilgjengelig. Brakje, selje og tæger går mykje igjen. Men også hatl og hegg er brukt. 

Ein samling kiper i forskjellig form og størrelse. Utstilling i samband med kurs på Hardanger Fartøyvernsenter  

No har eg vore på magasinet i Hordamuseet og sett nokre av Sunnfjord museum sine korger, samt samla sammen kiper eg, Samson Øvstebø og Knut Skåla har. Nedanfor er nokre døme på det store mangfaldet som finnes av kiper. Det er mange forskjellige varianter og størrelser, samt mange forskjellige materialer brukt.
Men ein kan og sjå ulike tradisjonar innen ulike områder, noko som er heilt naturlig – folk lærte av naboer og slektninger, og ein særegen kipe oppstod for ein region. Slik som Kvinnheradskipa som Knut kaller den. 
Dette er ein av dei spennende tingene eg skal undersøke.
Korleis forandrer kipa form og eventuelt funksjon etter kor den vart laga? 

Lita handkipe, Hordamuseet. Fletta med tæger, med forseggjort hank bevikla med tæger.   
Stor kipe fletta i brakje. Reparert i fleire omganger  
Lita ryggkipe fletta med tæger. Enormt tett fletta og tett med spiler. Hordamuseet  
Ryggkipe fletta i tynne halvkløyvinger i brakje. Hordamuseet  
Detalj av ryggkipe fletta med brakje  
Dette er det Knut Skåla kaller Kvinnherskipa. Den har ei kraftig ramme oppe som alle spilene går opp i og vart brukt til å bere ved eller anna over korte distanser. Hadde ofte eit tau eller ei vidje i ein hank så ein kunne slenge den over skuldra.   
Vedkipe, gåve til sonen frå Knut Skåla. Opprinnelig fletta med brakje, men etter vedbruk vart den øydelagt og reparert med flett i furuspon og beskytta med seglduk innvendig  
Lita kipe i Kvinnheradvariant, laga av Knut Skåla  
Ei av referansekipene til Knut. Spiler og flett i brakje  
Ein spesiell variant av kipe, som eg no har sett både på Aga, Hordamuseet og Hjelmeland. Spilene er laga av vidjer (sansynligvis bjørk) som er vridd for å flette den til en kant.   
Høykipe, kopiert av Knut Skåla etter gamal kipe frå Omvikedal  
Høykipe som Knut Skåla har kopiert av ein han fann i Omvikdalen  
Laga av Knut Skåla til Kristian Djupevåg. Fletta i brakje, furuspiler.   
Knut Skålas hankakipe som han har lært bort på mange kurs  
Lita variant til bordbruk laga av Knut Skåla. Han har funne denne varianten som ull og tulle kipe – der ukarda ull låg i eitt rom og ferdig tulle (karda ull) låg i det andre.  
Lita kipe laga av Knut Skåla, fletta med brakje