Mange stader finn eg gamle korger av reven spon – stort sett furuspon. Det er utruleg solide korger, som er lette av vekt. Ofte har dei ei vidje som handtak, men like ofte er dei utan handtak.
Dei er oftast fletta med eitt og eitt spon, i motsetning til høvla sponkorger som ofte er diagonalfletta. Kanten er ofte laga ved å legge ned eitt og eitt spon henholdsvis innover og utover i korga, på innsida av eit ekstra spon som er lagt inn. Ein genial kant som låser korga og gjer den utruleg fast og stødig.

Reven spon og høvla spon
Reven spon er spon som er delt for hand, langs årringene, på flask. Mens høvla spon er høvla med høvel – handhøvel eller maskinhøvel, på tvers av årringene, på kant. Høvla spon har ei rettside og ei vrangside og det går kun an å bøye sponen på rettsida. Reven spon kan bøyes begge veier. Begge deler er oftast utvunnet frå ytterveden av tettvokst og rettvokst furu.

Det er forskjellige måtar å utvinne materiale ein treng til å rive sponkorger så eg har bestemt meg for å prøve forskjellig. Det er stort sett enighet om at furua bør vera tettvokst og utan kvist og så rakvokst som mulig.

Furua hogges og kløyves i fire stykker før ein kløyver ut kjerneveden. Til spon er det kun det ytre laget – geita – som nyttes.
I Hedared i Sverige legg dei det kløvde materiale, kun geitå/ytterveden, kjerneveden er kløyvd vekk på førehand, i bekken eller ein å og lar det liggja minst tre måneder. Nokon av stokkene Curt Bengtsson fann til kurset i Hedaredskorger hadde lagt i 5 år eller meir!
Litt lenger nord i Tällberg ved Siljansjøen river Bjørn Majors furua fersk. Han bevarer den i fryser om han ikkje har anledning til å rive spon og flette korg med det samme.
Elisar Fornes i Velfjord delte spona ned til ca 4 spons tykkelse, 6-7mm, og tørka det før han bløytte opp igjen og reiv spona. Handverksregisteret gjorde prosjekt med han i 1995. Furua han brukte bør har vokst på mager jord og ikke lagt på seg meir enn en millimeter i året sa Elisar Fornes.

No har eg prøvd å rive både fersk spon og spon som har lagt i vatn i minst 3 måneder, samt det som er tørka. Eg synes det virkar som spona som har lagt i vatn, og det som har tørka, er enklare å rive. Det er fleire som snakker om ligninet som løyser seg opp og som gjer at fibrene slipper lettare. Kanskje det er ein årsak?

Det krever mykje trening å rive spona jamnt og tynt nok, og ikke minst å finne spon av god nok kvalitet. Eg begynner å kjenne forskjell på god og dårleg spon no, men har et stykke veg før eg klarer å få spona så jamne som eg vil.