Når eg reiser rundt og holder kurs og ser etter korger, dukker det ofte opp spennende ting. Den siste turneen var intet unntak!

På museet på Stiklestad fekk eg gå i magasinet og kikke, og der fann eg nokre ting eg ikkje har sett før:

  • Tægerbindingskorger med kløyvd selje som støttetog.
  • Ein hatt i tægerbinding!
  • Ein kant på ein sponkorg som likna på den dei lager på Hedaredskorger i Sverige. Vikla med reven spon og med reven spon som støtte
Ei korg fletta av tæger som kjem frå Ufsingdalen i Os kommune. Denne er sannsynlegvis fletta av bestemor til eigaren, Anne Mikkelsdatter Bakken. Eigarens to bestemødre var tægerbindere, men dette er ei litt anna korg, minner meir om vombakorger, men litt anna bevilling av hank og form. Kanskje inspirert av Svenske granrotskorger? Det er iallfall den første korga fletta med tæger på den måten eg har sett utanfor Sogn og Nordfjord!

På kurs i Alvdal dukka det opp mykje interessante korger! Først og fremst var det artig å sjå forskjellige former på kolvfat. Dei vart laga i mange varianter og mange størrelser. Mykje var fin farge på fletten, som vart laga ved å koke banda i lag med bark. Me prøvde det på kurset, og det vart nokre fine korger!
Ei av deltakarane hadde to bestemødre som var tægerbindere, og hadde mange korger i hus og heim, blandt anna denne flotte tægerkorga. Ei rammekorg fletta i tæger, med litt uvanleg form i forhold til dei andre eg har sett i Sogn og Nordfjord.

Det var også mange sponkorger som dukka opp frå løer og uthus, og der fekk eg ein overraskelse. I den tida eg har reist og sett på korger, har eg sett mange sponkorger av reven spon. Dei er alle fletta av spon som er reven langsmed årringene. Men i Alvdal har eg sett ei korg tidlegare av spon reven på kant av årringene, eg har tenkt at det kanskje var eit unntakstilfelle. Men denne gong kom det 6 forskjellige korger frå forskjellige stader i Alvdal – alle reven på kant. Så fekk eg bevis nok til å sei at det er også ein måte å gjere det på.

Den siste overraskelsen var på Hjerleid på TREseminaret der eg traff på mange forskjellige folk, blandt anna kom Birgitte frå Ål i Hallingdal innom og synte bilete av ein korntype eg har sett veldig få av, og som ho kan lage!
Denne korga likner på kipe, med trebotn, men har bjørkevidjer til staker med ein snedig avslutning og er oftast fletta i selje. Tidlegare har eg funne ei på Agatunet som er fletta av hegg og ei på Lier som var fletta i selje. Eg visste ikke om at det var ein tradisjon å lage slike, då eg berre har funne sporadiske korger, og veldig få.
Når eg no finn ei som kan vise til mange slike laga i si bygd, og i tillegg har lært kunsten av tradisjonsbærarar der er det kjempespennende!

Desse bildene av ei slik korg fekk eg av Knut Myhre som også var på treseminaret, korga stammer frå Melbøbakken i Nedre Svatsum i Vestre Gausdal.
Ein litt annleis og spennende måte å lage korg på som eg ser fram til å utforske meir!