Eg har skrevet litt om Vombakorger tidlegare, men dei fortjener eit eget innlegg – minst! Det kjem nok fleire innlegg om vombakorger framover.

Eg har i det siste besøkt fleire stader der dei har Vombakorg for å sjå og studere fleire av dei. Eg har funne to forskjellige «tradisjonar», eller måter å bygge opp desse korgene. Ein rundt Sognefjorden, i Fjærland og Kaupanger – og ein litt lenger nord, innerst i Nordfjord, i Stryn, Innvik og Sandane. Forskjellen skal eg vise her:

Dette er ei typisk korg frå området Stryn/Sandane/Innvik. Ein ser at dei første spilene som er satt inn går heilt ut til det ytterste på korga, og størrelsen bestemmes da med dei fyrste spilene
Denne korga er laga av Konrad Romøyri i Fjærland og likner dei andre eg har sett på museet i Kaupanger og andre stader i området rundt Sognefjorden. Her ser ein at dei første spilene som er satt inn går ned til botnen, og formen dannes av spilene som er satt inn utover langs kanten.
Denne korga er på Kaupanger museum, og den er kjempestor! Bogen som danner kanten er ca 75 cm i diameter.
Her er to store korger på Kaupanger Museum. Eg kan ikkje tenke meg dei har vore brukt til anna enn ull eller tilsvarende som ikkje veiger noko.


Korger i Innvik, Holmøy og Sandane

Denne flotte korga fann eg på Liatunet I Innvik. Her er det heilt utruleg tett fletta! Spilene er tynne og tægeren utruleg jamn over heile korga.
Korga har 45 spiler på kvar side av ramma, altså 90 spiler tilsaman!
Det ser ut som det er malt et stripemønster på korga. Det hadde vore utruleg spennande å vite kor gamal den er og kven som laga den!
Her er tre veldig forskjellige vombakorger. Den bakerste er ein grov korg laga av kraftige tæger og ikke så forseggjort som den i midten. Den er tydelig laga for arbeidsformål. Den midterste er nok beregna på sending og for å vise fram. Den fremste er også av den grovare typen.
Desse korgene fekk eg sjå på tunet til Ingfrid Reme i Innvik.
Denne korga er av same tette sorten, litt mindre. Den fekk eg sjå på Holmøy Utigard
På Nordfjord Folkemuseum i Sandane fann eg desse korgene. Her har alle til felles at dei første spilene danner formen på korga. Nokre av dei er så like at det er naturleg å tenke at same person har laga dei. Her er og det einaste årstalet eg nokongong har funne på ei korg.
«En gjestelagskurv fra Torleiv Fugledalen, betalt med kr 0,50. Kjøpt i Kandal, Breim, merket O.J. Gloppen. 2.9.1911» Var korga ny då den vart kjøpt i 1911? Eller var den allerede 100 år gamal då??
Desse korgene er enormt tett fletta og med jamne tæger. Var det nokon i Kandal som produserte slike?

Konrad Romøyri i Fjærland

Konrad var den siste eg veit om som laga vombakorger i Fjærland. Eg har vore heldig å få kontakt med dattera og fått komme og sjå verkstaden hans og tilogmed låne korger han har laga!

Av dattera til Konrad fekk eg låne og kopiere denne vetle fine korga.
Konrad var spesielt kjend for dei flotte lokakorgene han laga