Kurs i regi av Hemsløjden og Korgen Lyfter

Eg har vore så heldig å få vere med på ei kursrekke med fire forskjellige korgtyper i Sverige.
Kurset gjekk over 4 fysiske treff i tillegg til digitale treff med heile gruppen og ein til ein treff med lerar.
I Simrishamn der andre samling med løpbinding var, fekk me sjå utstillinga Älskade korg som vandrer rundt i Sverige og er en unik samling av korgtyper laga av nålevende korgmakere! Den er en del av prosjektet Korgen Lyfter – sjekk ut korgenlyfter.se

Kurset gjekk igjennom desse korgtypene:
Hedaredskorg; tillverkning av korgar med träbotten och sidor flätade med furuspån. Curt Bengtsson var lærar.
Löbbindning; tillverkning av spiralbundna korgar i halm och med skenor av pil. Steen Hedegård Madsen var lærar.
Granrotskorgar; tillverkning av korgar i revbensmodell i granrot och grangrenar. Inga-Lill Lindén var lærar.
Hasselkorgar; tillverkning av korgar i hassel av skäppemodell med grepe. Joakim Lilja var lærar.

Hedaredskorga er laga av reven furu som har lagt i vatn i minst 3 måneder. Furua må vere rettvokst og tettvokst og deles heilt ned til ein årring til det dei kaller røtter.
Korga er bygd opp på same måte som kipa, med trebotn og staker i oddetall. Ein fletter i spiral med ei «rot»/band.
Nokre av stokkene Curt Bengtsson hadde i åen hadde lagt der i fleire år. Han kløyvde stokken i 4, kløyvde bort kjernen og la dei i bløyt.
Stagene i korga er laga av spon som er litt tjukkere enn flettemateriellet, ca 3-4 årringer.

Nokre av dei gamle Hedaredskorgene er fletta i bindingsteknikk, slik ein fletter med tæger/røtter – kan det vere årsaken til at dei kaller flettematerialet for røtter?

Løpbinding er bindingskorger – altså korger som er bundet, ikkje fletta – av halm og skjener av pil, rotting eller hassel. Dette er same teknikk som korger bundet av tæger, og er vanlige over heile verden i forskjellige materialer.
Me bandt med halm av rug og splitta pil som me høvla til tynne skjener. me prøvde oss også på å binde halmen med hassel og rotting. Bjørnebær som er splitta og høvla har og vore nytta som bindemateriale.

Granrotskorg er ei rammekorg med ramme av grangreiner, og flett av grantæger/røtter. Denne korga likner mykje på vombakorgene/rasballkorgene ein finn i Sogn og Gudbrandsdalen , men hanken er bundet på ein annan måte.

Hasselkorg eller skäppekorg er en korg som vert fletta i hassel om eit handtak. Hantaket kan danne bakveggen på korga eller vere plassert midt i. Desse korgene har også blitt kalt for rumpekorger på svensk.
Ein tar ut tynne spon av hassel på same måte som til flisfat.

Denne kursrekka har vore utruleg interessant og nyttig å få være med på, og eg er imponert og fasinert over kor mange måter ein kan nytte same materialer. Og kor mange like tradisjonar det er over landegrensene.

Eg kjem til å skrive meir inngående om kvar korntype etterkvart, dette er meint som ein oversikt over korgtypene eg har lært på kurset.