No er hausten i anmarsj og selja, hegg, raun og hassel begynner å miste lauvet – det betyr haustetid av lauvtre. Mi erfaring er at lauvtre er best å hauste når det er minst mulig sevje i trea. Då er dei seigast og kan flettes med direkte.  

I skogen etter pinner ein klar haustdag. Idag er eg på leit etter hegg som er god til boger i vedmeisen  

Skogen lokkar med fine pinner og krystallklart haustvær. Men eg har mykje informasjon å samle innimellom hausting og fletting. Eg prioriterer å prate med fagfolk, reise til museer og andre stader der det finnes korger. 

Kan eg klare å skaffe meg ein oversikt over kva som finnes av korger rundt omkring i norge?
Kva likheter finnes med korger over landegrensene?
Kjem eg til å finne fleire tradisjonsbærere som er i live?
Korleis kan eg best kategorisere korgene? Geografisk, fletteteknisk, eller etter materiale?
Foreløpig er det mest på telefon og skype eg får kontakt – i desse rare tider. Det er faktisk veldig moro å snakke på nett med korgmakarar som har mange flotte korger å vise fram og stadig spring for å finne nye korger, men ikkje heilt det same å få sjå ei korg gjennom ein skjerm som å få halde den. Eg hadde ein god prat med Steen Madsen i Danmark, som er utrulig dyktig og engasjert i korghistorie, men eg ser fram til å verkeleg få sjå alle korgene han fann fram. 

Eg skiller mellom «byhandverk» og «bygdehandverk» – og arbeider først og fremst med å
dokumentere bygdehandverket i dette prosjektet. 
– Byhandverkarane hadde verkstader i byer der dei oftast fletta korger i importerte materialer. Desse laga også mykje møbler i for eksempel manila og rotting. Peddik kom til Europa allerede på 1600 talet! Dei laga mykje korger på maler eller former, i pil, peddik og manila. Noko pil vart dyrka i Norge, mens det mykje var importerte materialer som vart nytta. 

– Bygdehandverkaren var oftast bonde, med korgmaking som vinterarbeid. Bøndene laga oftast det dei trengte til forskjellige formål, men nokre spesialiserte seg og laga korger for sal eller som byttemiddel. Dei laga korger av materialer dei hausta lokalt. Ofte laga dei ei type korg og korgene var gjerne lokale varianter. Bygder eller områder kunne vere kjend for ei type korg, slik som vedmeisen er kjend i Hedmark og kipa kjend på vestlandet.

Byrjinga på ein vedmeis i vier henta i Vågå. Nydelige fargar i dette materiale!  

Eg fletter ein vedmeis for å kjenne korleis materiale eg henta i Vågå kjennes ut. Det er mykje flotte farger i dette materiale og det kjennes greit å jobbe med.

Bunnen består av 5 langstikker og 9 kortstikker etter Arne Jensens oppskrift.   
Forberedelsene for å flette ein vedmeis er tidkrevande. Ein treng to boger, 5 langstikker, 9 kortstikker, 12 hjørnestikker og ein stor bunke med band til å flette med. I tillegg til tynne band til å sy kant med.   
Vedmeiser i tre forskjellige størrelser. To stk størrelse nummer 3, to i nummer 4 og ein i nummer 6. Ein vestlandsvariant i brakje (einer), resten laga i selje  

Vedmeisen er ein tradisjonell korg som vart mykje brukt på Hedmarken. Meisen vart brukt til mange ulike ting, som ved, høy og ull, og på et tidspunkt var det standardisert masseproduksjon av desse særegne korgene.