Prosjektet med aktarkorga begynte egentlig januar 2020. Norsk Håndverksinstitutt gjorde eit prosjekt i 1990 der dei filma Syver Horten i Skårvangen som laga aktarkorg. Syver døde i 1999, men etterlot seg heldigvis nokre flotte korger og god dokumentasjon gjennom Norsk Håndverksinsitutt. 

I januar 2020 hadde meg og Samson Øvstebø ein samling der me fekk sjå film og bilder frå prosjektet, samt at me fekk komme til Maihaugen og sjå dei ferdige korgene Syver laga under prosjektet. 
På Maihaugen laga me eit par korger, det er alltid enklere å ha ei faktisk korg å sjå etter når ein skal setje igang. Sjølv om ein er god til å måle og ta bilder, så er det lettere å sjå på ein korg når ein lurer på kor hjørnestaget er satt inn, eller kor mange runder ein skal gå før ein begynner å bøye staga oppover. Likevel er forming av korger ein treningssak, og ikke alltid like lett å styre. På bildet nedanfor er dei to lyse korgene nylaga av meg og Samson. Den første korga vart ein lang og smal sak, ikke heilt som planlagt – då målet var å lage ei korg lik den på sida, som Syver hadde laga. Den neste korga laga me mindre, for å rekke å verte ferdig, og med større oppmerksomhet på forminga, vart formen meir lik originalen. 

To eldre aktarkorger tilhørende Maihaugen. Nummer to frå høgre er laga til Handverksinstituttet av Syver Horten i 1990. Dei to lyse er dei fyrste meg og Samson laga under prosjektsamlinga i mars 2020. Det å få rett form på korgene krever noko trening.    

Aktarkorga har som nevnt fått navnet sitt etter aktaren, han som passa dyra. Korga var ei grov brukskorg som vart nytta til høy, ved og anna som skulle bæres mellom husa på gardene. Syver Horten solgte korger bandt anna til det lokale samvirkelaget. Det var vanleg å lage korgene med bark, men på eit tidspunkt ville oppkjøperne helst ha korger utan bark. Då måtte dei som laga korgene føye seg, og korgene vart laga utan bark. 
 
Korgene vart oftast laga i vier, men kunne og vere laga i bjørk og selje. 
Dei flate emnene som danner bunn og staker heiter flatgjøler eller uppstandere/uppstandsgjøler, og flettemateriale – smidige halvkløyvinger, kalles brigdegjøler. Kanten «sys» med reivingsgjøler – enda tynnere og smidigere halvkløyvinger som vert surra rundt og fester fleire halvkløyvinger som dekker kanten på korga. 
Bæretreet, eller heldet, festes til stakene med ei vidje. Det er ofte laga i bjørk, øksa og spikka til ferskt.

Den lille nye aktarkorga er laga av meg og Samson, mens den store er barneversjonen, eller vedkorga som Syver Horten laga i 1990  
To nye aktarkorger laga av meg og Samson og ein aktarkorg laga av Syver Horten.   
Gamal og ny aktarkorg.   
Skårvangen, her budde Syver Horten. Han hausta vier, selje og bjørk og å laga aktarkorger for salg.   

På tur til Skårvangen for å hauste vier til nye korger. Der fekk me sjå ein korg laga av Mattias Sandugard, ein ganske forseggjort aktarkorg i meir firkanta form. Kanskje vart den nytta til ved.
Her er ikke spor av bark på brigdegjølene (flettemateriale) – kan dei ha vore hausta i svaen når barken kan flekkes av? 

Botnen på ei aktarkorg laga av Mattias Sandugard i Skårvangen. Dennehar 4 par kvar veg og vert då meir firkanta i formen. Meir snasynleg at den vart nytta til å bere ved enn høy – då den er mindre, meir firkanta og lavere enn den store aktarkorga.  
Aktarkorg laga av Mattias Sandugard, i Eirik Haugens eige.   

Etter å ha hausta vier i Skårvangen, ville meg og Samson prøve å lage ei stor aktarkorg, i den størrelsen som vart nytta til høybæring. Den er 76cm høg, og over 2 meter i omkrets! 
Nedanfor er nokre bilder av prosessen og den ferdige korga. 

Starten på ei stor aktarkorg. Dei fyrste 8-10 cm vert fletta frå innsida av korga. Ein står på botnen og fletter.   
Her er eg igang med å flette ei stor aktarkorg etter mål på korga som Syver Horten laga i 1990  
Korga er ferdig, stor nok til meg og litt høy!  

I november var det tid for å videreformidle flettinga av aktarkorga, etter utprøving av fletting med forskjellige materialer. Me har sidan mars laga 8 aktarkorger, og begynner å få korga nok inn i nevene til å videreformidle flettinga av den. 
Prosjektet samla museumsbonden på Maihaugen Anders Hagen,  og Simen Løken som er odelsgutt i Øyer og gardsgutt på Maihaugen samt elev på Sogn Jord og Hagebruksskule. Me gjekk ilag og laga ei ganske stor aktarkorg som skal brukes i formidlinga i museet. Me laga den nederste fletten med bark, slik det kan sees på endel gamle korger. Heldet er laga av bjørk, og festa med ei bjørkevidje. 
 

Den lyse aktarkorga er laga av museumsbonden på maihaugen og gardsguten – den skal brukes til formidling i drifta av garden.   

På dei fleste aktarkorgene me har sett er haldet, eller bæretreet festa direkte i flatgjølene med ei vidje. Men den eine eldre korga som er på Maihaugen har eit anna innfeste med eit trestykke på innsida av korga som haldet er festa i. Dette gjer nok flatgjølene eit lengre liv når belastninga vert fordelt over fleire gjøler. På dette bildet er haldet festa med ei fletta skinnreim, me laga eit slikt trestykke og festa haldet med vidje. 

På den eine korga på Maihaugen er bæretreet festa med eit trestykke på innsida. Det virkar vere ei lur løysing då det vil verte betydelig mindre slitasje på flatgjølene.   
Simen Løken – elev på Sogn Jord og Hagebruksskule, odelsgut i Øyer og gardsgut på Maihaugen – med ferdig aktarkorg  

Aktarkorga er ei solid og kraftig korg, og ei korg som er spennende å forme. Det er fortsatt mykje å lære og å prøve ut med denne korgtypen. Her gjer små variasjoner i bredden på flatgjølene og tykkelsen på brigdegjølene stor forskjell frå korg til korg. Ein er rett og slett nødt til å lage nok korger, og helst nokre mindre gode korger, for å bygge opp erfaringsgrunnlaget. 

På bildet nedanfor har eg prøvd ut ei korg i hatl (hassel) med enkle flatgjøler, istadenfor par med to. Det vart ein lettare korg,  men óg ein mindre stabil korg. Enkle stag, eller flagjøler, gjer at det vert større avstand mellom dei, som igjen gjer korga mindre stabil. 
Den lille korga på bildet er ein utprøving i brakje (einer) – alt må jo prøves i brakje, sidan det er eit så utruleg godt materiale å jobbe med! 

To aktarkorger – ei lita i brakje og ei større i hatl.