Eg og Samson Øvstebø reiste til Maihaugen og fekk sjå på ein snik som står på magasinet der, samt at Inger Smedsrud (NHI) hadde fått lånt med seg ein snik i privat eige frå Fåberg. 
Det er eit poeng å ha fleire eksemplarer å sjå på når ein skal lære å lage ein korgtype – det er alltid nokre småting kvar fletter gjer ulikt, men ein får oversikt over dei viktigste trekka til korga når ein har fleire å sjå etter. Eg har og målt og tatt bilder av fleire sniker på Skogmuseet tidlegare i haust. 
Det er gjort eit stort arbeid på å dokumentere lågåsildfiske, med bok og film og det er tatt vare på eindel redskap. 
 

Når eg skal sette igang og flette synes eg det er godt å ha ei fysisk korg å sjå etter. Ein kan mål og tegne og ta bilder, men det er likevel enklare å ha ei korg å sjå etter og telle stag, sjå på flettinga o.v.

Laga i hegg av Bernard Engen – Fåberg  

Fletteteknisk er sniken ein mellomting mellom vedmeis og aktarkorg. Bunnen er bygd opp på same måte som vedmeisen, og kanten er sydd på same måte som vedmeisen, mens forma og børtreet er meir lik aktarkorga.
Geografisk er sniken laga i området mellom aktarkorga og vedmeisen – kanskje det er ein kombinasjon av desse korgene som er spesialiutvikla til dette formålet? 

Gamal snik laga av Bernard Engen i Fåberg, og ny snik laga av meg og Samson. Begge fletta i hegg.   

Den største utfordringa i å flette ei ny korg av denne typen er å få forma rett. Ein kan ha heilt likt utgangspunkt, like tykke og like mange pinner – men når ein begynner å flette er det veldig lett for å gå litt for mykje inn, eller for lite. Den første sniken eg fletta vart altfor smal i botnen i forhold til originalen. Men den duger likevel som ein «mal» for fleire korger – sidan antal og tykkelse på stag og flett stemmer, samt korleis flettinga begynner, korleis skjøte, korleis avslutte, korleis forsterke o.v.

Dei gamle snikene, og den nye i midten.   

Ei ny snik påbegynt, øvelse og øvelse for å få inn form og teknikk. 
Ein begynner med å setje saman botnen, og deler staga inn i grupper når ein tar til med fletten. 
Nedanfor vises nokre bildene av korleis korga bygges opp. 

Botnen vert fletta først, for så å begynne flettinga rundt med tynne band   
Her er fletten kommet så langt at stakene er samla og formen er satt  
Her er kanten påbegynt, eg legg enden på stagene ned mellom halvkløyvingene mens eg syr kanten, for å gjere den sterkare.   
Slik vert kanten «sydd» med tynne reimer av hegg eller selje rundt to halvkløyvinger som ligg utanpå kanten på korga  
Der vidjen som held børtreet går igjennom, er det laga forsterkninger på staga.   
Den ferdige sniken har «fot» av ein bøyd pinne, festa med ståltråd  
Her er sniken ferdig, sett ovanfrå