Ein liten tur til museer viser kor enormt stort mangfaldet av kiper er!
Ei av korgtypene eg skal ta for meg i stipendiatperioden er kipe. Det som definerer ei kipe er at den har trebotn og spiler – som det flettes på. Kipa har mange navn, etter form og bruksområde: høykipe, lauvkipe, møkkakipe, ryggkipe, hankakipe, handkipe og ullkipe er nokre døme. Formen på kipa er tilpassa det den skal brukes til. Kva materiale kipene er laga i er mangfoldig og er knytt til kva makaren hadde tilgjengelig. Brakje, selje og tæger går mykje igjen. Men også hatl og hegg er brukt.
No har eg vore på magasinet i Hordamuseet og sett nokre av Sunnfjord museum sine korger, samt samla sammen kiper eg, Samson Øvstebø og Knut Skåla har. Nedanfor er nokre døme på det store mangfaldet som finnes av kiper. Det er mange forskjellige varianter og størrelser, samt mange forskjellige materialer brukt. Men ein kan og sjå ulike tradisjonar innen ulike områder, noko som er heilt naturlig – folk lærte av naboer og slektninger, og ein særegen kipe oppstod for ein region. Slik som Kvinnheradskipa som Knut kaller den. Dette er ein av dei spennende tingene eg skal undersøke. Korleis forandrer kipa form og eventuelt funksjon etter kor den vart laga?