Kniven og hendene er fortsatt dei viktigaste verktøya som vert brukt til splitting og fletting. Men undervegs i flettinga er det nokre fleire verktøy som kan vere gode å ha for hånden.
Her skal eg vise litt fleire prosesser der forskjellige verktøy kan vere kjekke å ha.
Når ein skal klemme flettematerialene ihop kan det vere godt med ein liten hammer eller eit bankejern. På forrige bilete settes formen på botnen, den må vere nokonlunde firkanta og rett størrelse. Då er det viktig at kvar flatgjøl (som dei kalles i Vågå) ligg på rett stad.
Her er korga godt på veg, og eg brukar bankejernet til å slå banda tettare, slik at korga vert fast og fin, utan opninger i fletten. Ein ser og ei sprayflaske på golvet, den er fylt med vatn og eg sprayer korga jamnleg for å halde materiala fuktig mens eg fletter.
Medan ein fletter ei korg er det nødvendig å «låse» den i forskjellige stillingar. Her er oftast knær og føter dei beste hjelpemidla, då ein er nødt til å snu og vende på korga titt og ofte. I nokre tilfeller, som når ein skal flette sponkorger, kan det vere hendig å spikre eller skru fast korga i ein plank for å gjere flettinga enklere.
Dette var eit lite innblikk i dei vanligste verktøya eg bruker, men her er ganske stor forskjell frå makar til makar. Forskjellige utgangspunkt og preferansar gjer at ein velger forskjellige verktøy og der finnes ingen fasit på kva som er best, kvar enkelt må finne ut kva som fungerer best.