No har eg reist eindel rundt og sett på korger og prøver å skaffe meg ein oversikt over kva som finnes. Eg er absolutt ikke ferdig med å reise rundt, og full oversikt er det heller ikkje mulig å få på desse tre åra – men no vil eg fortelle litt om kva eg ser etter og korleis eg kategoriserer korgene eg har sett.
Kanskje veit du om ei korg eg bør kikke på? Eg vert veldig glad for tips!
Dei profesjonelle korgmakarane slik me kjente dei fram til 60-70 talet, spring utifrå ein ny tilgang på material rundt midten av 1800. Den industrielle revolusjonen og maskindreven foredling gjorde det enklare å få tak i store kvanta med jamne material. Import frå Asia gjorde at material som peddik, manilla og bambus ble meir vanleg. Industrielle høvlar gjorde sponproduksjon enklare. Store åkrar og maskiner til avbarking gjorde pil billigare å importere frå Europa og enklare å flette med.
Dette står i kontrast til den tradisjonelle korgmakaren som var aktiv i bygde-Noreg. Bønder og husmenn laga det dei trengte – ting som gjorde kvardagen enklare; kiper, meiser og andre ting å bære i, fangstreiskapar m.m. og ting for sal som attåtnæring til garden.
Der det profesjonelle korgmakarfaget er mykje basert på europeiske tradisjonar og importerte material, baserer bygdehandverket seg på nedarva kunnskap og lokale ressursar. Dette er kunnskap som er i ferd med å døy ut med tradisjonsberarane.
Den overordna problemstillinga lyder slik:
Eg ynskjer å skaffe meg oversikt over norske tradisjonelle korger – med hovedfokus på fletta korger i splitta materiale. Kunnskap om korger laga av splitta materiale som er hausta lokalt er i ferd med å forsvinne. Prosjektet skal dokumentere og vidareføre handlingsbåren kunnskap om splitting og bruk av slikt materiale.
Så for å prøve å skaffe meg ein oversikt har eg kategorisert korgene i tre hovedtyper utifrå fletteteknikk.
Desse typene er:
– Rammekorger
– Kiper/korger med trebotn
– Korger med fletta bunn
Og så kjem fangstredskaper som åleteiner og hummerteiner utanom, då dei ikkje passer i nokon av desse kategoriene.
I denne oversikten har eg ikkje tatt med bindingskorger i tæger – dette fordi bindingsteknikken er noko anna enn fletting, og fordi eg ikkje klarer å rekke over alt på tre år… Bindingskorgene i tæger er likevel ein svært viktig korgtype i vår historie, og det finnes heldigvis eindel litteratur og fortsatt nokon som held kunnskapen levende.
Rammekorga er ei korg som ofte vert kalla urkorga. Den er bygd opp på ein ring laga av ein grein, eventuelt to ringer, der den eine danner handtak. Ut frå ringer bygger ein opp korga med spiler som ein fletter på. Ein fletter frå kvar side av korga og avslutter fletten på midten. Denne typen korg finnes over heile verda i forskjellige variantar.
Her i landet kjenner me desse korgene som flisfat, kolfat, vombakorger og rassbaillkorger, og dei er laga i mange forskjellige materialer. Vombakorgene er laga i tæger av bjørk eller gran, men flisefat og kolfat oftast er laga i selje, vier og hassel.
I Sverige lagar dei slike korger også i grankvister, desse kalles stavarkorger.
Kipa har fellesnevner at dei har botn i tre, og spiler som er festa i denne. Her er eit enormt mangfold av korger i forskjellige størrelser og form, med og uten hank, til å bere på ryggen og med handtak. Kipa er også laga i mange forskjellige materialer, som brakje (einer), selje, hegg, rogn og bjørk. Det vanligste er spiler av furu, men også kvister av bjørk, splitta greiner av brakje og selje er brukt, samt streng (ståltråd).
Kipa finnes fleire stader i verda, i Tyskland heiter det kiepe og ser ut til å først å fremst vere ryggsekker/korger til ryggbering.
Korger med fletta bunn kaller eg dei som har ei fletta botn der spilene i botnen utgjer stakene i korga. Dei finnes i fleire varianter og innebærer korgene vedmeis, aktarkorg, snik og sponkorger. Dei er laga i selje, hassel, furu og hegg.
På aktarkorg, snik og vedmeis brukes spilene som utgjer botnen til spiler som ein fletter rundt – ein må altså ha band til å flette med for å danne sidene. På sponkorger legger ein spona som utgjer botnen diagonalt og fletter dei i kvarandre – her treng ein altså ikkje fleire spon enn dei ein legg opp i botnen for å danne sidene. Sponkorger kan og flettes ved å legge inn nye spon som på dei andre korgene.
Eg har vore usikker på om eg skulle ta med sponkorger i denne oversikta, siden framstillinga av spon er ganske annleis enn splitting av selje, hassel og einer. Eg har kommet fram til at sponkorgene må med, sidan det er korger eg finn overalt, og dei er såpass like i oppbygning – eg kjem til å skrive meir om framstilling av spon seinare.
Fangstredskaper eg har sett åleteiner og hummerteiner fletta i brakje, men det kan godt være fleire typer fanstredskaper som er fletta i andre materialer. Desse eg har sett er bygd opp rundt ein mal
Eg har eit norgeskart der eg plotter inn dei forskjellige korgtypene der eg finn dei. Håpet er at eg skal kunne sjå nokre linjer på kartet etterkvart. Sjølv om eg ikkje klarer å feie over heile Norge på 3 år – så kan eg kanskje danne meg eit bilde av kor og korleis kunnskapen har reist.
Kanskje veit du om ei korg eg bør kikke på? Eg vert veldig glad for tips!!