Korgene eg jobber med er fletta med delte materialer. Eg deler hatl (hassel), selje, brakje (einer), vier, hegg og pil. Til sponkorger deler eg også furu, og til vombakorger deler eg tæger, men det tar eg for meg i eigne avsnitt.

Felles for alle materialene er at pinnene eg deler må være ferske. Etter at materialet er delt og ferdig til å flette med kan eg tørke og bløyte opp igjen. Men erfaringsmessig er materialet aller best å flette med når det er ferskt. Det er også mogleg å leggja det i vatn og halde det vått til eg skal bruke det.
Eg deler på forskjellige måter og tykkelsen på pinnene varierer frå 1,5 cm opp til ca 6 cm.

Husk å alltid få tillatelse frå grunneigar før du hauster

Materialet finn eg oftast langs vegkanten, langs åkrer og i områder som er hogd for 4-8 år siden og det har vakse opp mange nye renninger som har konkurrert om lyset slik at dei er mest mulig kvistfri og rettvokst.

Hatl / hassel


I hardanger der eg bur er det store områder med hatleskog, der hatlekjerra står tett i tett, dei vart nytta til produksjon av tønneband som var ein stor eksportvare frå Kvam. Hatleskogen er oftast kalt bandaskog her, og i Kvam stelte dei hasselen like fint som aldetrei (frukttre).

Hatl veks som busk, med mange renningar frå same rot, og det er det ein har nytta til tønnebånd og korger. Tidlegare vart hatleskogen vedlikeholdt for å heile tida ha tilgang på beine fine og jamntjukke stakar til tønnebånd. Dette kalles stubbeskudd, då ein hogger skudda nede ved rota, for at stubben setter nye skudd derfrå. I England kalles dette coppice, og det er fortsatt levende tradisjon for denne typen skogbruk til mange forskjellige formål, deriblant korgfletting. Her i distriktet er tradisjonen utdøydd, og det er vanskelig å finne nokon som veit korleis dei skjøtte hatleskogen. Eg har oppigjennom prata med folk og prøvd meg fram på eigen hatleskog og har kommet til at eg trur ikkje det er gjort på same måte her som i England – kanskje klimaet speler ein rolle i den samanheng? I England hogger dei heilt ned eit større område for så å la det vakse til stakene er brukande til sitt formål, gjerne 4-8 år.
Her trur eg dei har heile tida holdt hatlestubbene nede ved å hogge ut litt og litt, då mi erfaring er at dei ikke toler så godt å bli hogd heilt ned.
Idag er dei fleste felt med hatl overgrodd og har mest grove stokker med nokre få tynne stakar som er brukende til fletting innimellom.

Vinteren er den tida som er mest nytta til å hauste hatl, tradisjonelt har bandasmiiing (å lage tønnebånd) vore vinterarbeid, slik som korgfletting og kipebinding.

Det virkar som hatlen vert litt sprøare og knekk lettare når den er saftsprengt/har mykje sevje på vår og sommar. Men det fungerer å bruke den då også, og om den får tørke nokre dagar etter hausting kan den verte meir smidig å jobbe med.

Selje, vier og pil

Selje, vier og pil veks over store deler av landet og har vorte nytta til korgfletting mange stader.
I vestland vart selja nytta til både spilar og fletting på kiper i forskjellige varianter. På Havråtunet på Osterøy lagar dei stakene av grov selje, og flettinga av tynnere seljekvister. På Askøy er det meir vanleg å bruke furu til stakene, mens flettinga oftast er av selje.
I Hedmark er selja brukt til vedmeiser og øverst i Gudbrandsdalen er vieren brukt til aktarkorger. I Alvdal er vier, og då særlig istervier, brukt til å flette kolvfat.

På same måte som med hatl ynskjer ein å finne selje som er hogd ned og som har satt nye skudd, og gjerne står tett og undersolt slik at dei ikke veks for fort. Om selja veks for fort vert det mykje marg i, og meir jobb med å fjerne denne då den ikke kan nyttast til flettinga, den er sprø og mjuk og faller frå kvarandre.

Salix er ei stor slekt som innbefatter både selje, vier og pil og det er helt umulig å skille dei forskjellige sortene for untrente som meg. I Norge har me meir enn 50 arter!
I korgflettingssamanheng er viktige kriterier at pinnene er så rette og lange og kvistfrie som mogleg og helst med så lite marg som mogleg. Her er det stor variasjon rundt om i landet!
Langs Glomma og Folla i Alvdal har eg funne nokre flotte bestandar av forskjellige sorter vier, og tilogmed doggpil! Her veks det tett i tett langs elvebanken og er beine og fine med lite marg.

I mitt nærområdet i Hardanger er det selja me kan bruke, dei fleste viersortene er kortvokste og krokete. Her har ofte selja mykje marg og er grønare på farge enn den selja me finn på Hedmarken, men her er variasjoner her og!

Brakje/brisk/einer

Brakjen – som den kalles her i Hardanger har mange navn rundt om i landet og har vore nytta til utallige formål – alt frå kledning på løevegger til vask av folk og kjørald og medisin. Men også korger.

Det er eit utruleg holdbart materiale og tåler mykje fuktighet. Mange stader er kiper fletta med brakje nederst – der det er mest fuktig og fletten vert mest utsatt og fortast øydelagt. Somme stader er brakje brukt både i spilar og flett, men mest vanleg er flett av einer på stakar av furu.
Brakje er også nytta til å flette fangstredskaper som åleteiner og hummerteiner.

Brakjen er naturleg nok mest vanleg å finne i flett på vestlandet, då det er sjelden å finne dei lange rakvokste bestandene andre stader i landet.
I Sverige har dei også tradisjonar for fletting med brakje.

Idag er brakje ofte eit gjengroingsproblem mange stader på vestlandet, der bøer og utmark gror igjen.
Brakjen eg er ute etter til fletting veks i høgreiste tette tuer, inni ei slik tue finn ein greiner som strekk seg etter lyset og har mindre kvist (for det er alltid kvist i brakken). Vanligvis 2-3 cm i diameter til fletting, større om ein skal ha det til spiler. Brakjen veks sakte og desse pinnene er ofte 10-15 år gamle!

Hegg

Det er ikke så mange korger som tradisjonelt er fletta med hegg, men den er likevel viktig å ta med. Eg har funne nokre eksempel på korger i hegg, blant dei snik som vart nytta til å bære lågåsild under fisket i Gudbrandsdalslågen. Ei kipe har eg funne på Agatunet, fletta i halvkløyvingar av hegg.
Ellers har hegg ofte vore nytta til boger og hanker då den er seig og ganske grei å bøye til jamne fine boger.

Hegg veks villig og det er lett å finne tynne skudd sjølv om dei sjeldent er veldig lange utan kvist. Dei er greie å dele, og lukter fantastisk når ein jobber med det!


Splitting, knekking og deling

Dei materiala eg no har nemd deler eg hovedsakelig på to forskjellige måtar. Her forteller eg litt om dei.

Dele i to
Når ein ynskjer breie band til spiler eller flett er det vanligst å dele i to. Det er denne metoden som er den vanligste på dei forskjellige korgene som har vore laga i både selje, vier, brakje og hegg.
Nokre stader deler ein tynne pinner i to og smir (spikker) til ein får ynskja tjukknad, andre stader deler ein større greiner fleire gonger og lager mykje materiale ut av ein pinne.
I hovudsak deler ein på midten, så på midten, så på midten igjen og sit då igjen med flate band i pinnens bredde.

Knekke ut band
Den andre hovedmetoden for deling er å «knekke» ut band frå utsida av pinnen ved å bøye den så årringene slipper. Ein lager då eit hakk og bøyer pinnen over noko for å løsne årringene og følger desse nedover langs pinnen. Denne metoden er mest kjent frå Larvikområdet her i landet. Der gjer dei det på det viset når dei fletter flisfat.
Men teknikken er vanleg mange stader i verden med forskjellige innretninger å bøye pinnene over.
Teknikken er hovedsakelig nytta på hatl, men fungerer på selje og hegg og vier også.