Dei første vekene har mykje gått med til å sette meg inn i livet som stipendiat, planlegge og samle informasjon.

Den aller første dagen på jobb starta eg i lag med ei vakker korg frå magasinet på Maihaugen. De​t var umulig å finne den i registeret, så kor den kjem frå og kor gamal den er, er foreløpig eit mysterium.
Ei rammekorg, vombakorg, lokakorg eller rasbaillkorg – kjært barn har mange navn – fletta i tæger.

Rammekorg med lokk, fletta i tæger. Maihaugen

Første reise gjekk til Elverum, Lillehammer og Vågå.
Til Skogmuseet for å plukke ned utstilling om Vedmeisen som har stått der sidan mars.
Ein tur i magasinet på Skogmuseet – stadig nye spennende korger å finne.
Eg er spesielt på utkikk etter variasjoner av vedmeis, snik og aktarkorg. Her er det glidende overganger mellom dei forskjellige typene korger. Dei har alle mykje til felles, men er sjølvsagt spesiallaga til sitt bruk. Det er og nytta eit mangfold av forskjellige materialer. Sniken nedanfor er laga i hegg, mens dei fleste slike korger eg har sett før har vore laga i selje eller hatl.

Snik fletta i hegg. Skogmuseet

På Lillehammer fekk me sjå presentasjonen til Bent Erik, utrolig inspirerende å sjå kva han har fått til i løpet av sine år som stipendiat!

Presentasjon av stipendiatprosvektet til konsulenter i Norges Husflidslag. Foto: Anne Guri Gunnerød

På Lillehammer var Norges Husflidslags konsulenter samla, og eg fekk lov å komme å presentere prosjektet for dei, i lag med veilederen min – Samson Øvstebø.
Utrulig nyttig å nå ut til så mange med så mykje kontakter i heile Norge! Eg fekk allerede nokre nye navn i boka med folk eg skal ta kontakte. Håpet er at det sit nokon ein stad, som kan flette korger, som eg ikke veit om!

Eit antikkfunn med ferskt funn av tæger

Aldri ein tur over fjellet – iallfall på tider utan frost i bakken – uten å grave etter gull! Nokre stopp med krumma rygg og krok i hand gav ein liten fangst.