Som sagt er korgmakarens viktigaste verktøy er hendene. Ein fletter, bøyer, justerer, kjenner, vurderer styrke, lirker, drar, vrir og mykje meir når ein fletter ei korg. Hendene brukes til å flette og forme, mens knær og føtter og ellers resten av kroppen hjelper til med å halde fast og legge tyngde på rette stader.
Splittinga er den røde tråden i alle korgene eg jobber med som stipendiat, og måten ein utvinner materialet for å gjere det klart til å flette med. Flettematerialet må deles og smis/spikkes tynt nok til å verte føyeleg og smidig så det toler mykje bøy og tøy under flettinga.
Når ein skal splitte treng ein kniven for å lage hakket og komme gang med splittinga, men styringa må skje med hendene. Pinnene holdes fast under armen eller mellom knærne og det er viktig å styre slik at ikke splitten skeiner ut i ein retning.
Lauvtrea har meir eller mindre marg som er sprø og lite bøyelig, den må smis bort før ein kan dele ein gong te.
Når eg skal smi bort margen likar eg å bruke ein tohandshøvel eller «bokskøys», spokeshave (kjært barn har mange navn). Det sparer neven å kunne bruke to hender på det, og er ein grei måte å få skava bort margen spesielt når det er mykje av den.
Under følger følger fleire bilete av splitting av forskjellige materialer, på forskjellige stadier med forskjellige hender.
Når ein har delt ein pinne, må ein glatte og jamne den, det vil alltid verte noko ujamn tjukknad når ein deler. Dette kaller eg å smi band. Då held ein kniven i ro på kneet, mens ein drar materiale gjennom. Kniven fungerer då på eit vis som ein høvel og ein justerer vinkelen ein held kniven i for å smi bort så mykje ein ynskjer.
Nokon gonger kan utradisjonelle verktøy fungere godt. Tapetkniven har tynt blad og er god å bruke når ein smir banda jamne.
Men kva kniv ein nytter er oftast ein smakssak og ein vanesak, her er nok like mange meininger som det er folk som brukar kniv.
Ein anna måte å splitte på, er å ta ut band frå utsida av pinnen, istadenfor å dele den i to. Då kan ein bruke ein splittebenk som på bildet under. Ofte er dette gjort ved å bøye pinnen over kneet, men det kan røyne på kneet i lengden.
Ein skjærer eit lite hakk – så djupt som ein ynskjer bandet skal vera tjukt, i pinnen og bøyer den hardt over kanten på benken slik at bandet løsner. Ved å bruke ein slik benk kan ein knekke ut fleire band og nytte tjukkare pinner enn om ein skulle bruke kneet.
På same måte som når ein splitter etter margen, må ein også her jamne banda med kniven på kneet før dei kan splittes på nytt, og før dei kan brukes til å flette med.
Denne måten er spesielt fin til å få ut heilt tynne og veldig smidige band som kan brukes til å surre kant for eksempel på vedmeis og snik.
Under er bilete av verktøya Syver Horten brukte når han alaga aktarkorger, og eit bilde av mine verktøy. Eg kjem inn på fleire av verktøya i neste blogg om verktøy til fletting av korger