Bøkkarbloggen 12.10.2026
Velkomne til bøkkarbloggen.
Eg heiter Oddvar Gangstø og held til i Bjørnafjorden kommune, og eig og driv Tønnegarden som 5. generasjon bøkkar og gardbrukar. Sjå gjerne heimesida: https://tonnegarden.no/

Det er gledeleg å kunna starta i eit treårig stipendiat hos Håndverksinstituttet, og denne tida vil eg bruke godt til å læra meg nye teknikkar, nye metodar, nye bruksområder, konstuere nye storleikar, og teste ut å lage tønner/fat av nye og brukte materialar. Eg vil forsøke å dokumentere arbeidet og dele noko av dette i bloggar her framover. Håpar dette er av interesse, og kom gjerne med innspel, spørsmål og kommentarar til det eg viser og skriv om.
Det finst i dag ingen aktive norske produsentar av nye eikefat eller tønner for lagring av drikkevarer. Samstundes aukar interessa for lokalprodusert sider, fruktvin, øl og brennevin, og småskalaprodusentar etterspør norske fat med lokal identitet og dokumentert opphav. Fat som blir brukt i Noreg i dag er i hovudsak importerte, og det finst lite dokumentert kunnskap om norsk fatproduksjon. Dette utgjer ein tydeleg «kvit flekk» i norsk tradisjonshandverk.
Bøkkerfaget i Noreg har tradisjonelt vore knytt til produksjon av saltetønner i furu til fiskerinæringa. Denne marknaden er no i ferd med å forsvinne. På Tønnegarden har produksjonen gått frå om lag 2700 tønner vinteren 2024–25 til 560 tønner for 2025–26, og frå 2026–27 er det varsla full stopp. Dette skapar ein kritisk situasjon for bøkkerfaget i Noreg. Utan målretta omstilling risikerer ein at handlingsboren kunnskap og handverk går tapt. Prosjektet tek mål av seg til å vidareføre og fornye bøkkerfaget gjennom utvikling av fat for drikkevarer basert på norske råvarer, kombinert med gjenbruk og vidareutvikling av eksisterande teknikkar. Gjennom praktisk utprøving, systematisk dokumentasjon og formidling vil prosjektet bidra til å skape nye marknader og gjere faget relevant i samtida.
Foto: Torskerogn i furutønner

Litt om bakgrunn for min søknad til stipendiatstillinga:
Pr. dags dato er det få bøkkarar att i Noreg. Det er nokre få som har det som hobby/tillegg til anna arbeid, det er nokre museum som har litt aktivitet, og det er oss på Tønnegarden som både har eit visningssenter/museum og produksjon av saltetønner med meir. Her arbeider det tre bøkkarar som alle har sveinebrev i faget. På Anora har dei fire bøkkarar med sveinebrev i faget, der ein av dei også har teke meisterbrev i faget, dei driv for det meste med reparasjonsarbeid av lagringsfat i eik, og ikkje så mykje produksjon av nye fat.
Då eg skulle ta sveinebrev i bøkkarfaget måtte eg læra meg teknikkar for å lage eiketønner. Ein skulle kanskje tru at dette ville vera ei enkel sak for meg, ettersom eg har arbeidd med å lage saltetønner av furu sidan eg var 13 år, og nok har passert 40.000 tønner… Det å lage eiketønner er nesten som eit anna fag når eg byrjar å studere dette.
Sidan marknaden for saltetønner av furu no ser ut til å forsvinne, har eg i lengre tid tenkt på å forsøke meg på eiketønner og tønner av andre treslag , eller fat som det heiter når ein snakkar om lagring av drikkevarer. Dette krev mykje omstilling, anna utstyr, tid til å studere og gjerne hospitere hos nokon som verkeleg kan dette. Det har også vore mange spørsmål om me kan produsere eikefat til lagring av alt frå fruktvin, sider, brennevin og bryggerivarer. Det bør vera ein produsent i Noreg som kan levere dette til dei som etterspør, men heilt til no er det ikkje nokon som gjer dette. Ei lita bedrift som Tønnegarden har ikkje rom for store investeringar som gjerne trengs når ein skal legge om til nye produkt. Ein har gjerne ikkje tid til dette arbeidet sidan ein er avhengig av å ha ein produksjon som gjev kontinuerleg inntekt, eller at ein har ein jobb ved sida av for å ha ei inntekt å leve av. Eg har arbeidd som lærar i 14år i tillegg til arbeidet på Tønnegarden, men no som eg har fått stipendiatstillinga, har eg sagt opp lærarjobben og kan bruke det meste av tida mi på prosjektet, det er kjekt.
Prosjektet vil bidra til fagleg utvikling gjennom å:
utvikle ny praktisk kunnskap om fatproduksjon i norsk eik undersøkje potensialet i andre norske treslag som t.d. ask, svartor, rogn, selje og bjørk utvikle metodar for ombygging og gjenbruk av brukte eikefat dokumentere handverket slik at kunnskapen blir overførbar til fagmiljø og opplæring
Foto: Brukte utrangerte eikefat for ombygging til nye mindre fat

Overordna problemstilling for prosjektet: Kan det utviklast funksjonelle, kvalitativt gode fat for lagring av drikkevarer basert på norske råvarer og norsk handverkskunnskap, og korleis kan dette bidra til fornying og vidareføring av bøkkerfaget i Noreg, særleg i lys av den kraftige reduksjonen i saltetønneproduksjon?
Mål:
- utvikle prototypar av nye fat i norsk eik (225 og 500 liter)
- utprøve alternative norske treslag i mindre fat (30-120 liter)
- utvikle metodar for gjenbruk og ombygging av utrangerte 450–500 liters eikefat
- systematisere og dokumentere produksjonsmetodar, verktøy og prosessar leggje grunnlag for vidare formidling og opplæring etter stipendiatperioden