Bøkkarblogg for november
Lenge før eg fekk stillinga som stipendiat har eg hatt samtalar med, og vore på fleire besøk hos Lauvverket AS ved Trond Hamran og Jan Petter Gysland på Snartemo, sjå gjerne heimesida deira her: https://www.lauvverket.no/ Dei satsar på å sage materialar av lauvtre, og i hovudsak eik. Våren 2025 fekk eg levert fersk-skorne midtbord av eik med tjukne 30mm. Desse kløyvde eg på bandsaga vår til passelege bredder og har lagt dei til tørk utandørs.

Kvifor bestilte eg berre midtbord frå sagbruket? Jau eikematerialen som skal brukast i tette fat må ha margstrålene på tvers av staven slik at dei møter margstrålene frå nabostaven. Om ikkje dei gjer det og går på skrå, eller igjennom staven frå innsida av fatet og ut, vil fatet over tid leka ut væska som vert fylt på fatet. Vanlegvis vert eikematerialen frå europeisk eik kløyvd som kakestykker av stokken, både for å utnytte materialen maksimalt, men også for at ein då føljer fibrar i treet og får margstrålene rett veg. Sjå bilete for døme:

Med god dialog med gutane på Lauvverket har dei no gjort nokre forsøk på å skjære materialen slik at margstrålene vert rett. Det vert langt frå 100% utnytting, men eit godt utgangspunkt for å teste om den norske eika kan nyttast, eller om den gir feil smakar til væska som skal vera i fata. No i november skal dei skjere meir materialar til meg og i morgon (10.november) reiser eg for å vera med på sagbruket og sortere materialar og rettleie om kva dei må ha fokus på for best mogeleg resultat vidare.


Bilde over: Andreas Assman Tyskland
Fakta: visste du at eika som skal brukast i fat skal tørke eitt år pr. cm.? Det vil altså seia tre år på 30mm plank… Forresten..det er ikkje heilt rett å seia tørke, for materialen skal ligge utandørs i all slags vær og ta i mot alt av mikroorganismar som kan bryte ned garvesyrer og ta ut spenningar frå materialen.
No er eg komen godt i gong med det praktiske arbeidet. Det første eg har gjort er å konstruere og lage malar, ringar og noko verktøy for å produsere 225 liters eikefat med måla: 550mm ende, 700mm buk, og 950mm høgde. Takk til Fusa Mekaniske Industri AS som har lånt meg nødvendig utstyr til å valse og lage ringar og oppsettband til den nye storleiken av tønner/fat eg skal lage.
Eg vil ha to tankar og to prosessar gåande i arbeidet med å nå dette målet: Det eine er å produsere fatet for hand med handverktøy og malar, for å vise og dokumentere handverket i arbeidet. Det andre er å kunne bygge ei enkel produksjonslinje med noko av det utstyret eg har i verkstaden, samt noko nyinvestering, og noko bygging/ombygging av verktøy og utstyr slik at ein kan drive ein produksjon som vert effektiv nok til å ha inntening på produksjonen i framtida.
Litt om prosessen og vegen fram til første prototype: Eg startar med å lage første fatet/tønna i furu. Dette fordi materialen er mykje rimelegare og eg kan luke ut nokre feil og utfordringar før eg skal til med eik. Eg har konstruert fatet likt som om det er eik, og har berekna valsing av oppsettband ut frå dette.
For å få rett konisitet på banda har eg konstruert dette slik som du ser på biletet og gjort dette i målestokk 1:1 for å ha malen rett når eg skal valse.

For å få konisitet på valsinga må eg først valse bandet på høgkant slik at eg får strekt ut stålet i nedkant av bandet. Deretter kan eg valse bandet på flaten slik at det blir ein ring. For å få det til å bli ein ring må eg også forbukke kvar ende på bandet, om eg ikkje gjer det vil bandet bli rett og ikkje rundt der det skal skøytast saman med sveis.






Når eg valsa desse nøyaktig etter malen, såg det meste bra ut. Eg hadde berekna ein vinkel på 9,5 grader konisitet, men på grunn av fleksibilitet i stålet går det litt tilbake når valsa blir opna, og eg fekk berre 8 grader konisitet. Eg vil prøve om dette går, om ikkje, må eg valse nye oppsettband og berekne inn fleksibiliteten i stålet.
Furufatet skal eg ha 30 stavar i og eg har tre ulike breidder på staven. Ved ulike stavbreidder kan eg utnytte mykje meir av materialen når eg skal over på eik. Eg vel desse breiddene på stavar: 96mm 82mm og 62mm og kappar lengde på 97,5cm. Etter det skal stav igjennom dimensjonshøvel slik at dei vert 27mm i stavtjukne.
Ved å bruke tre ulike stavbreidder blir det også tre ulike vinklar på sidene på stavane i tønna. Brukar eg 30 like breie stavar er reknestykket enkelt: 360grader i ein sirkel delt på 60 vinklar = 6grader vinkel på kvar side av staven… Med tre ulike breidder har eg komen fram til å teste ut desse vinklane: Stav 1: bukmål 90mm = 7,2grader, Stav 2: bukmål 75mm = 6grader og Stav 3: bukmål 57,4mm= 4,5graders vinkel. For å høvle desse vinklane brukar eg ein gamal kopifres som tidlegare har vore brukt til produksjon av terrasserekkverk. Den har to kutterar og desse kan eg justere vinklar på. Skal eg høvle stavar for hand må eg lage ein handmal for kvar vinkel og stavbreidde. Dette viser eg i seinare blogg, sidan eg no vil teste vinklar og passform med kopifres først.

Den siste tida har eg brukt til å søke riksantikvaren om tilskot ut frå post 77. Omstilling av produksjonen vår frå saltetønner i furu til Eikefat med meir, krev mykje arbeid og investeringar, langt utover kva stipendiatstillinga og budsjettet der kan klare. Derfor er det spanande å sjå om søknaden treff rett og omstillinga vår kan få noko meir støtte. Eg reknar med å få svar på denne rett over nyttår.